Tok tjuvfiskarane på fersken


ÅLESUND OG OMLAND er Ove Stige

Då tjuvfiskarane kom tilbake til bilen, vart dei parkert inne, før politiet vart tilkalla. Lensmannen i Ørskog stadfester at ein person vart pågripen.

Fin og gyteklar laks er no på veg opp Solnørelva i Skodje. Og det er fiskeforbod i elva. Etter mørkets frambrot søndag kveld, rundt klokka 21, vart to personar observert gåande langs elva med sekkar. Dermed tok fiskeutvalet i Skodje affære. For i gytetida er elva stengt for fisking.

Står skilta
- At det er fiskeforbod står både på norsk og engelsk tre stader langs elva. I tillegg har vi sett denne bilen der inne før. Når folk i tlllegg kjem etter at det har blitt mørkt, reknar vi med at dei har forstått at dei gjer noko ulovleg, seier Jonas Strand i fiskeutvalet i Skodje til smp.no.

Han fortel at dei med jamne mellomrom sjekkar elva for tjuvfiske, og at det er godt vakthald både i Dragsundet og oppe i elva.

- Vi har tatt ein del tjuvfiskarar i år før dei har begynt. Det vi gjorde søndag var å vente ved bilen deira. Klokka 23 kom dei tilbake og sette seg inn. Då parkerte vi dei inne, fortel Strand.

Ni gyteklare villfisk
Først ville dei to mennene ikkje opne vinduet. Men til slutt gav dei etter.

- Det viste seg at dei hadde hatt på seg vadestøvlar, lyst etter laksen og stokke den med ein heimelaga reiskap. Dei hadde tatt ti fiskar, på mellom 1,5 og 4,5 kilo. Alt var villfisk. Og ni var gyteklar hofisk. Så der gjekk det mykje rogn, seier Strand.

Strand ringte politiet. Den eine stakk på skogen, den andre vart pågripen. Lensmannen i Ørskog stadfestar at éin er arrestert.

- Vi pågreip den eine, han er frå Latvia. Dei køyrde eit norskregistrert køyretøy, og dei arbeider her på Sunnmøre. Vi opprettar sak mot dei to, opplyser lensmann Ivar Holmeide i Ørskog til smp.no.

Tragisk
Fiskeutvalet i Skodje er tilknytta Skodje jeger- og fiskeforening. Strand er styremedlem i utvalet, og han seier tjuvfiskinga er tragisk.

- Vi i fiskeutvalet kultiverer elva og passar på heile året. Vi har fisketeller og kamera der det blir tatt bilde av alle fiskane som går opp. Og vi har vakthald. I fjor var det 600 laks som gjekk opp. For å behalde bestanden er dette arbeidet viktig, seier Strand.

Sjå også: Fiskereglar for Solnørelva 2012 (ekstern side)

- No føler oss litt makteslause. Og gyteklar fisk er heller ikkje etande, minner Strand om.

KILDE:
Har du tips til Sunnmørsposten?
Send sms/mms til 95 400 400,
epost til Denne e-mail adresse bliver beskyttet mod spambots. Du skal have JavaScript aktiveret for at vise den.,
eller ring 95 400 400 

Via Michael Koch
Lystfisker-liv.dk og Dansk Laksefiskeri 

JSN Dome template designed by JoomlaShine.com